Medium og kommunikasjon vg1-vg3

Frå og med skuleåret 2016-2017 vart medium og kommunikasjon studiespesialisering. No aukar vekta av opplæring innan mediefaga for kvart år. Det vert no mogleg å velge i ulike fordjupningsområde som t.d teskt, bilde, lyd, design og meir tekniske nye medium.

Frå skuleåret 2016-2017 vil Vg1-Vg3 medium og kommunikasjon gi garantert tre år på vidaregåande skule med studiekompetanse for vidare studier på Høgskule og Universitet. Det praktiske arbeidet på skulen gir også rom for å skape seg ein portefølgje som hjelper til å klare arbeidskrav på ulike medie og kunststudiet med praktiske opptakskrav.

Arbeid i mediebransjen?

Mediebransjen har vore i endring så lenge mediefaget har eksistert, og framtida er vanskeleg å spå. Men digitale teknologiar og nye kommunikasjonsformer, kombinert med satsing innan underhaldning, vil det i alle høve vere behov for skapande, tekniske og kunnskapsrike medieprodusentar i framtida.

Ved siste kartlegging var det nær 50 yrke som gjekk vegen gjennom medium og kommunikasjon. Det var før den digitale mobilrevolusjonen.

Mediebransjen har no nye behov inna:

  • 3d-printing og modellering i 3d
  • droneflyging med video
  • Innhaldsproduksjon for Virtual Reality og Augmented Reality
  • Mobil og app-utvikling
  • Innhaldsmarknadsføring og digital kommunikasjon

Så lenge den teknologise utviklinga held seg, vil det heile tida kome nye bransjar og yrke innan mediefeltet.

Ta del i denne spennande utviklinga og prøv medium og kommunikasjon på vgs.