5 ting du må vite om studieførebuande
medium og kommunikasjon

  • 2016-2017 var første år med studieførebuande medium og kommunikasjon. Dette medførte eindel endringar – mange til det betre.
  • Her er fem ting du må vite om programområdet, som no er over tre år og fører til studiekompetanse:
Det å meistre foto med ulike linse og profesjonelt utstyr, er berre eit av tinga ein lærer som yrkes-kompetent fotograf.

Det å meistre foto med ulike linse og profesjonelt utstyr, er berre eit av tinga ein lærer som yrkes-kompetent fotograf.

1. Mediefag er praktisk og kreativ læring
For å skape medieproduktet må ein ha litt teori i botnen, men eit sterkt fokus er å kunne å bruke verkty og programvare for å skape sine eigne medieprodukt. Opplæringa skal gi kompetanse til å realisere eigne prosjekt, og skape medieinnhald som andre legg merke til. Du vil også lære å presentere eigne arbeid, og kunne stå støtt eigne for kreative og tekniske val i arbeidet.

2. Du treng ikkje kunne noko for å søke mediefag
Som medieelev lærer ein film, foto, lyd og tekst i tradisjonelle og digitale medium. Du treng ikkje vere eit naturtalent for å meistre dette. Opplæring vert gitt heilt frå grunnen, og kvart år gir nye meistringar og moglegheiter. Det viktigaste er å ha lyst til å vere kreativ, og ha lyst til lære, og lyst å skape noko. Programvare og utstyr står skulen for, du treng berre å ha lyst til å lære og skape medieutrykk.

3. Mediebransjen er i endring, men forsvinn ikkje
Mediebransjen er ein del av arbeidsmarknaden som tilbyr tentesteyting. Ein viktig del av det norske komande arbeidsliv. Mange jobbar er endå ikkje oppfunne, men vil kome til etterkvart som skulen utdannar nye medieskaparar. Medieutdanning gir vidare moglegheiter innan titals ulike yrke, Innan kommunikasjon, marknadsføring, underhaldning, journalistikk og andre digitale arbeidsfelt.

4. Ikkje yrkesfag, men yrkesfagleg kunnskap
Sjølv om mediefaget ikkje lenger fører direkte til fagbrev etter to år på vgs., så er det framleis mogleg å bli fagleg flink i faget. Gjennom å lære rett bruk av medieustyr som vert brukt i bransjen, har medie-elevar ein stor fordel når ein seinare skal studere mediefag på fagskule, Høgskule eller universitet. Mange får jobb i bransjen utifrå praktisk kunnskap og det å kunne vise til fagleg kompetanse. Dessutan er det å kunne bruke yrkesfagleg kompetanse i eige skrapande arbeid nyttig både privat og i mange yrke

5. Ein kan gå i lære eller få arbeid i mediebedrift
Målet for nye medium og kommunikasjon er studiekompetanse, som opnar for høgare utdanning innan dei fleste yrke. Likevel er det er også mogleg å søke læreplass etter tre år på vidaregåande. Mediefag gir også ein flott anledning til å bygge ei mappe med elevarbeid, som kan vere eit viktig steg til å få sommarjobb, eller praksisplass i ei mediebedrift. Innan fleire medierelaterte yrke er det like viktig å ha noko praktisk erfaring å vise til, som det å ha dei rette studie. På medielinja får ein oppfølging av lærarar med bransjekunnskap og bransjenettverk – noko som kan vere eit viktig springbrett vidare.

Kort sagt finst det mange grunnar til å velge mediefag med studieførebuande.

Tekst og foto: Ole Johnny Devik, medielærar