Praktisk mediefag på vidaregåande, førte til fast filmjobb etter folkehøgskule

Feb 29, 2016

Etter treårig medium og kommunikasjon i Sunnfjord hadde Dovydas fått innpass i filmyrket. Han kan også  vise til siger i Amandusfestivalen. Grunnlaget for det praktiske arbeidet vart lagt på vidaregåande skule.

Dovydas på settet til innspelinga av reklamefilm for det siste Dragon Age-spelet. Foto: Øyvind Ganesh EknesAKTIV MEDIEJOBB: Dovydas på settet til innspelinga av reklamefilm for det siste Dragon Age-spelet. Foto: Øyvind Ganesh Eknes

– Eg hadde nok ikkje vore den samme hadde eg valgt ei anna linje. På medium og kommunikasjon blei eg utsatt for eit kreativt og kritisk miljø som var opptatt av korleis verden var imorgon! Går litt på det å tenke framover i dagsorden og medieverden.

Søkte mediefag litt i blinde

Sjølv om Dovydas no jobber til dagen i mediefaget, så var det ikkje sikkert at han kom til å ende opp på medielinja i 2010.

– Eg søkte i grunn mediefag som ein spøk. Eg visste eg ikkje hadde sjans til å komme inn pga mykje konkurranse og karakterene mine var ikkje på sitt beste.

– Det var jo ikkje eit blindt valg, akkurat! Eg hadde ei lita interesse for å drive med youtube-videoar. Men, det kom som eit sjokk då eg faktisk kom inn. Eg fekk rett og slett panikk, for eg var i tvil på om det var rett valg. Planen var jo å bli ingeniør eller arkitekt. «Kva har eg rota meg borti no?» tenkte eg. Men det tok ikkje lang tid før eg innsåg at eg kom til å trives veldig godt på medielinja likavel!

Reisande i filmproduksjon

Dovydas hadde spennande år på vgs med tur til Uganda for å lage film om entreprenørskap, som er i bruk i opplæring den dag i dag. Hafstad vgs. har ein vennskapsskule i Uganda, som det har vore reist til med elevar tidlegare.

– Mediefag for meg var ein fot i riktig retning for å bli ein filmfotograf. Eg hadde aldri tatt i eit speglreflekskamera før eg kom til MK, og no jobber eg med filmkameraer til verdi av fleire hundre tusen.

Motivert til å jobbe

Sjølv om lærarane og undervisninga bidro til å bygge kunnskap innan mediefaget, så var eigenarbeid viktig for å bygge praktisk erfaring.

– Eg brukte mykje tid på å lære meg utstyret ein jobba med, alle standardene som finnes ute i filmverden, og satt meg djupt inn i faget. Eg kunne finne meg sjølv sittande igjen i fleire timar på skulen og jobbe med filmprosjekt, og dro inn dit i helgene for å jobbe med eigne prosjekt.

Dovydas hadde til tider med seg sin eigen iMac som var både større og betre enn det lærarane på skulen hadde av utstyr. Det var ikkje berre, berre når han måtte ta buss til og frå skulen på avd. Jølster frå heimen i Førde sentrum

Kort veg til mediekarriere

Dei to første åra etter vgs. var Dovydas på Norges største mediefolkehøgskule i Drammen. Der lærte han seg meir om filmfaget og utvikla seg som filmskapar. Det var og der han laga kortfilm, ein seinare vant Amandusfestivalen

– Det var gjennom Danvik sitt 2. års program eg fekk mulighet til å gå ut i praksis hos Catapult. Etter eit år som praktikant, fekk eg tilbud om fast jobb.

I tillegg gjorde han ein del freelance jobber, f.eks jobbet på fleirkameraproduksjoner rundt om i landet til blandt anna VGTV og NRK. Dette var med å hjelpe til på å bygge CV’en – og viste den praktiske kompetansen han hadde skaffa seg i å bruke filmutstyr.

Nyfiken på ny medieteknologi

– Mediefag gjorde meg nyskjerrig på filmbransjen. Etter førsteåret visste eg at det er film eg ville drive med. Etter sisteåret, så innsåg eg at eg faktisk kunne klart meg ute i bransjen.

Dovydas brukte mykje tid på å teste ustyr på vidaregåande, alt frå analoge kamera som han lånte frå læraren, til moderne digitale kamera – og programvare.

Og det med å kunne ustyret og vise til praksis, er viktig i mange ulike delar av mediebransjen. Bransjen spør ofte etter studentar som har gjort noko praksis og har arbeidsprøver. Noko som ein fort får på medium og kommunikasjon, med fleire praktiske produksjonar kvart år.

Mediefag rette vegen

– Vil du tilrå mediefag?

– Det er litt både òg. Eg hadde aldri tatt i eit speglreflekskamera før eg kom til MK, og no jobber eg med filmkameraer til verdi av fleire hundre tusen. Det har gitt meg motivasjon og kunnskap til å kunne jobbe for det eg brann for.

Dovydas legg til at det ikkje betyr at MK er kun for de som veit nøyaktig kva ein ønsker å bli! Det egner seg veldig godt for de med eit snev av kreativitet som de ønsker å få utnytta!

– Har du nokon meir erfaringar frå det du lærte på medium og kommunikasjon?

Eg trur ikkje eg hadde fått dyrka det lille kreative eg har inni meg. Det eg lærte var tekniske ferdigheiter, evne til å jobbe i la med andre i ulike roller – eg lærte samarbeid og det å faktisk ta litt ansvar.

– Men noko spesielt viktig var at skulen gav meg tilgang på utstyret som eg ønska, og lot meg utvikle meg i mitt eige tempo.

Mediedraumen kom litt for fort

Utfordringa for Dovydas no er at draumen hans er oppfylt.

– Draumen har vel vore å kunne jobbe med film daglig. Å jobbe med videokamera, å redigere, vere med å planlegge, etc…Eg vil jo sei at eg på ein måte har oppfylt den draumen.

– Men, da gjelder det berre å finne seg ein ny draum, hehe… Kanskje ein Oscar er det neste målet?

Dovydas Miliauskas

Alder: 22 år

Yrke: Filmfotograf hos Catapult Film AS

Utdanning: 3 år medium og kommunikasjon på vidaregåande i Sunnfjord 2010-2013

2 år på Danvik folkehøgskole 2013-2015

Medieinteresse: Teknisk bruk av film- og kamerautstyr. Filmredigering, planlegging av filmproduksjon. Elles ulike mediefelt med innhaldsproduksjon.

Filmen som vann beste kortfilm 2014 på Amandus filmfestival, Lillehammer.

CATAPULT FILM AS

  • Etablert i 2001
  • 11 ansatte per idag, Buskeruds største filmselskap
  • Tar inn praktikanter årlig frå Danvik FHS
  • Nettadresse: catapultfilm.no
Spesielt viktig var at skulen gav meg tilgang på utstyret som eg ønska, og lot meg utvikle meg i mitt eige tempo. Dovydas Miliauskaus

Filmmedarbeidar, Catapult film